![]() |
http://www.gtgrafics.com/ |
Stemmebruk
Stå avslappa og støtt, med begge beina i golvet. Puste roleg.
Øv på å varierer stemma, pass på at det ikkje blir monotont. Øv på presentasjonen framfor spegelen, eller for foreldre, syskjen eller vener.
Tempo og pausar:
Ikkje for seint, ikkje for fort, legg inn pauser. Følg med på publikum, pass på at dei er med deg.
Snakke tydeleg
Tydelege konsonantar gjev klarare tale, bruk tunga, kjevane og leppene godt.
Kroppsspråk
Heile kroppen snakkar!
Mimikken er ein del av kroppsspråket ditt.
60-80% av inntrykket du gjev, skuldast kroppsspråket ditt.
Bruk av manus
Kan gjere deg tryggare.
Bruk berre stikkord, og øv deg på å vere frigjort frå manuset.
Oppgåve:
Alle skal halde ein kort presentasjon om eit eller anna dei er opptekne av. Det kan vere kva som helst, men ikkje om ein einskild person. Ein hobby, eit dyr, favorittplassen din eller noko anna du kjem på.
Når du held presentasjonen for klassen kjem lærarane til å ha fokus på om du brukar det du har lært om munnleg kommunikasjon. Sjekk punkta ovanfor, les i boka og ha kommunikasjonsmodellen i bakhovudet.
ARTIKULASJON:
uttale språklydar
MIMIKK:
grimasar, bruk av ansiktet
MONOTON:
einsformig, utan variasjon
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar